Viktig melding: Lytt på radio!

Oi, oi, oi. Dei vann!

Fredrik, Sofie og Øistein i10A vann semifinalen i NRK-quizen! Med det blei dei kåra til dei beste 10.klassingane i Oslo, og dei er no kvalifiserte til landsfinalen med vinnarane frå kvart fylke. Gratulerar!

Her kan du lese om møtet vi hadde med dei flinke ungdomsskuleelevane våre:

Skru på radioapparata onsdag 19.  mars 14.45-15.30 på NRK P1 østlandssendingen.

Tre elevar frå klasse 10A har kvalifisert seg til semifinalen i ein quiz i regi av NRK! Fredrik Daun, Øistein Høyde Braanen og Sofie Holtestaul møter KG-nytt  til ein rask prat på biblioteket midt i samfunnsfagtimen.

Fredrik, Sofie og Øistein i 10A

Fredrik, Sofie og Øistein i 10A

På spørsmål om kvifor nettopp dei blei valt ut til å delta, svarer dei diplomatisk at klassen stemte dei fram. Dei tre har god breidde i kunnskapen, er gode på mykje forskjellig, også på litt meir spesielle tema som fransk språk og alt som har med hest å gjera, fortel dei!

Det blei imidlertid ramaskrik i både klassen og heimen då dei i førre runde ikkje klarte å svara på kva for engelsk fotballklubb som har gule drakter. Med andre ord; sport er ikkje eit favorittema, og det er stor enighet om at det generelt sett er for mange sportsspørsmål her i livet!

Elles framstår dei tre elevane som allroundarar når det gjeld quiz, noko som heilt sikkert er ein god eigenskap då ein ikkje veit på førehand kva kategori ein får spørsmål frå. Og ikkje nok med det; to av deltakarane gjekk også heilt til topps i bakekonkurransen, som nokon av dykk kanskje hugsar låg ute på heimesida vår ganske lenge. Desse elevane har altså høg måloppnåing både når det gjeld det praktisk og teoretisk kunnskap!

Neste post på programmet er semifinale mot Brannfjell skole i Oslo. Den blir sendt på NRK radio onsdag 19. mars. Finalistane skal deretter delta i ein landsdekkande finale i NRK1 10. mai.

Vi heiar sjølvsagt på Sofie, Øistein og Fredrik frå 10A på KG!