Sprang for andre

Storefri. Torsdag. Svett stemning allereie før start. Speakeren er på plass. Spraking i mikrofonen. 10-9-8-7… nedteljinga er starta! 3-2-1, der er årets aksjonsløp i gang!

Tekst: Marita Bjørke Ådland, Foto: Marita Bjørke Ådland, Tor Magnar Bjøru

http://www.kgselevaksjon.no/

Batman, Bjøru, ballettskjørt, blåmaling… Kreativiteten er stor, også i år. Nokon spring for livet, andre for moro skuld, men ein ting er felles for alle: dei spring for Bangladesh! Dei spring for å gi andre menneske mulighet til eit betre liv og til utdanning. Aksjonsløpet er eitt av høgdepunkta under misjonsaksjonen, det er liv og røre i skolegården, det er kakesalg, grilling, heiarop og god stemning! Og mange som spring inn masse pengar for å skapa forandring – for andre!

Les mer på elevaksjonens hjemmeside!