I Peer Gynts rike

”Har du sett den Gjendin-eggen noen gang?
Den er halve milen lang.
Hvass bortetter som en ljå.
Utenfor bræer, skred og lider,
rett nedover urder grå,
kan en se til begge sider
lukt i vannene, som blunder
svarte, tunge, mer enn tretten
hundre alen nedenunder. »

Turen over Besseggen er eit absolutt høgdepunkt i ein eller travel haust for oss lærarane som er så heldige å få bli med. Elevane såg også ut til å ha det bra, og det var berre godord i etterkant. I år var rektor også med, og han guida oss gjennom sitt ”heimlandet barndom” i Valdres. Me forstod at me har ein fjellvant sjef som kjenner Valdresfjella godt. Etter ein avslappa busstur venta det oss betasuppe på Valdresflya vandrerhjem. Det smakte! Etter informasjon om liv og lagnad i Jotunheimen ved Moritz Røyr og kveldstankar ved Anne Handeland var det på tide å krypa ned i soveposen.

Dagen kom med strålande sol. Me håpar det no er ein etablert tradisjon at veret står oss bi på aktivitetsdagen. Sola skein heile dagen.

Bukk fra luften, bukk fra bunnen,
stangedes i samme stunden
så at skummet om oss klasket.
Ja, der lå vi nu og plasket. –
Langt om lenge, du, vi nådde
nordre landet på en måte;
bukken svam, og jeg hang bak ham;-
jeg for hjem –

Men bukken, du?

Å, han går der vel ennu; –

For elevane og lærarane frå KG var det ingen reinsbukkar å sjå, anna enn frå bussen. Salige Peer var slik sett heldigare enn oss då han i si tid, i følgje han sjølv i alle fall, tok turen over eggen på ein noko uvanleg måte. For oss var det berre å ta beina fatt og gå. Det såg ikkje ut til å tynga elevane noko vidare at dei måtte gå på eigne bein, dei sprang av garde oppetter liene. Sola skein, og temperaturen var perfekt for den slags utskeiingar som det er å komma seg over Besseggen, ein luftig tur, spekka med fantastiske inntrykk. For ein natur! Og for nokre elevar! Berre positive, trivelege elevar så langt auga kunne sjå og øyrene høyra. Som lærar er det flott å komma seg ut av klasserommet og sjå elevane i andre omgjevnader, ein lærer dei å kjenna på ein heilt annan måte og ser mange andre sider av elevane.

I år var spreiinga på for- og baktroppen noko større enn i fjor. Men med så fint ver var det jo ingen grunn til å ha det travelt med å komma seg ned att, så det blei ein lang lunsj på Bandet for dei fleste av oss. Medan enkelte hadde ”førstemann ned”, vart det for dei fleste av oss ein roleg og behageleg tur nedover frå Veslefjell (rett nok kjende vel nokon av oss det i både lår og kne), før me reiste tilbake til vandrerhjemmet der det venta oss velsmakande kjøttkaker. På bussturen tilbake var det overraskande god og høglytt stemning, enkelte av oss hadde håpa på ein fredeleg busstur… Det er mogleg det er ein klisjé, men det er ikkje anna å seia enn at alle var einige om at det var ein strålande tur! Det er berre å gle seg til neste år!