Fantastisk jubileumshelg!

TAKK!

Tekst: Marita Bjørke Ådland, Foto: Lars-Erik Nyborg

Det er eitt ord som utmerkar seg etter jubileumshelga. TAKK! Vi har så mykje å takka for! Flinke og feiande flotte elevar! Mange gode KG-vener! Ein strålande rektor! Fantastiske kulturelle opplevingar! Ei vakker gudsteneste! Kreative lærarar og andre ansatte på KG! Og så Singers. KG Singers! Snakk om gode ambassadører for KG! Og Marit Bjørkøy og Øystein Weider som dirigerer Singers! Ein stor takk også til Gud, som har skapt oss, gitt oss evner og krefter og som er grunnen til at KG eksisterer. Gloria in excelsis Deo, står det i taket i Oslo domkirke. Ære vere Gud i det høgste. Det er mange som skal ha æra for at helga blei ein fantastisk fest! Likevel går vår største takk til vår skapar og Gud! Denne helga kan vi leva lenge på, det blei ein fest frå A til Å. Og vi er heilt sikre på at KG kjem til å bli 200 år! Minst! Hurra for KG!