Då Jesus kom til KG

Som mange veit, spelar Frank Kjosås rolla som Fred i NRK1s storsatsing «Halvbroren». For tida spelar han og rollene som Isak og Jesus på Det Norske Teateret. Sist tysdag besøkte han og skodespelar Bernhard Ramstad KG!

Tekst og foto: Marita Bjørke Ådland

Klasse 1C har vore med på eit prosjekt i samband med oppsettinga av Bibelen på Det Norske Teatret våren 2013. Gjennom heile hausten og fram mot premieren på Bibelen i februar 2013, har klassen laga teater sjølv med utgangspunkt i bibeltekstane, hatt besøk av skodespelar Bernhard Ramstad kvar fjortande dag, vore på teaterprøver og diskutert forskjellige tekstar i Bibelen.

Det var difor eit høgdepunkt å sjå stykket på teatret! Det er mange spanande, vanskelege, utfordrande og viktige spørsmål å ta tak i i Bibelen. Bernhard Ramstad spelar Abraham, øvstepresten Kaifas og tubaspelar i «Kana brassband». Frank Kjosås spelar rollene som Isak og Jesus.

Både Bernhard og Frank har gitt klasse 1C eit godt innblikk i korleis det er å spela dei ulike rollene. Spesielt interessant og morosamt var det å høyra om korleis Frank Kjosås har førebudd seg til å spela rolla som Jesus.

Kva har han tatt med av eigne tankar og erfaringar inni rolla? Kva forhold har han sjølv til det å tru og til kristendommen som religion? Kva er det vanskelegaste med å spela Jesus? Korleis lærer ein så masse tekst på så kort tid? Kva er forskjellen på å spela teater og film?

Frank er opptatt av å formidla ein menneskeleg Jesus, ein som er som oss, ein som synes den oppgåva han er gitt, er vanskeleg og utfordrande. Og han er opptatt av å få fram kjernen i det som Jesus forkynte – nestekjærleik og medmenneskelighet.

Og så skulle det jo berre mangla – i jubileumsåret 2013 er det på sin plass at Jesus kom til KG.