Buss, Bergen og brear

I mai vende 100 entusiastiske elevar nasen mot det vakre vestland. Høge forventningar til lange bussturar, flotte fjordar, djupe dalar, og ikkje minst det ville veret Vestlandet har å by på.

Me starta turen med ein lang bussetappe mot Valdres, og Fagernes. Vidare gjekk turen til Husum, der me gjekk den gamle kongevegen mellom vestlandet og austlandet. I følgje segna skulle vegen vere ”brei som eit spydlengd”, så det var god plass då elevar og lærarar tusla oppover vegen mot Borgund stavkyrkje.
Meir busskøyring, denne gongen mot Lærdalsøyri, ein bortgøymt stad med sikkert sytten innbyggarar, for her var det tomt i gatene! Men god is hadde dei, og vi var fort ute på vegen igjen. Nattesøvnen(?) fekk me på Lyngmo Ungdomssenter etter ein god middag og fabelaktig underhaldning av både lærarar og elvar.
Dag to begynte tidleg, 07.30 sat me klare i bussane. 100 spente (og litt trøtte) ungdomar var på veg til Nigardsbreen, nesten øvst i Jostedalen. Mange av elevane hadde ikkje gått på bre før, så dette var ei spennande oppleving for dei fleste. Veret var kanskje ikkje det beste, men det letta heldigvis utover dagen.
Litt våte og kalde, men med godt humør, drog me vidare mot Høyanger for å høyre litt om korleis det er for ei bygd når ei av hjørnesteinsbedriftene skal leggjast ned. Dessverre hadde hjørnesteinsbedrifta gløymt oss. Denne natta sov me på Dyrkolbotn Fjellstove, like spente som alltid på kva neste dag hadde å by på.
Fredag 8. mai, sjølvaste frigjeringsdagen starta me med omvisning på Statoils raffineri på Mongstad. Der lærte me mykje om oljeraffinering, samtidig som me fekk satt guiden litt fast då ho spurde kva me trudde dei dreiv med her, og ein ropte ut ”global oppvarming” noe som stemmer ganske bra. Me drog vidare til Bergen, eit av turens mange høgdepunkt. Der blei me vist om i byen, og me fekk sjå flotte bygningar og ekte Bergens-ver. Det endra seg brått frå flott solskin til hagl. Nok ein gong Vestlandet på sitt beste.
Laurdag 9. mai var det på tide å vende nasen heimover igjen. Me stoppa ved Steinsdalsfossen, ein berømt foss (like ved den fantastiske bygda Norheimsund) der me kunne gå bak fossefallet, og sjå fossen frå baksida. Elles kom me oss raskt heim te mor, bortsett frå eit stopp på legevakta, litt matpausar og sånt. Det var ein fantasisk tur, som me seint vil gløyma!