1000 feira KG 100 år

Sol, storefri, grillings, god stemning, Sivert Berge med band, aksjonssang, is… Sånn er det å feira KG 100 år!

Torsdag i storefri markerte vi at KG er 100 år! Lille Bislett var fylt til randen av elevar og lærarar og andre som har tilknytning til KG. Eit trettitals foreldre frå FAU hadde brukt formiddagen til å laga fest, og det blei servert hamburger, drikke, is og sjokolade til alle 1000! For ein fest! For nokre foreldre! For ein skole! For nokre elevar! For nokre lærarar! For ein rektor! For ein hundreåring! Vi kjenner det allereie no at det blir ein super jubileumshaust på KG! Les meir under bileta. (Har du bilete frå feiringa og du bruker Instagram, kan du jo tagge dei med #kg100år, gjerne også med @kgskole)

Eitt av høgdepunkta var nok at årets elevaksjonssong blei framført for første gong! I år på norsk (til glede for enkelte norsklærarar)! For ein flott song! Det blir god stemning med heimelaga aksjonssong! KG er ein gammal skole, Martin Luther College, som er årets innsamlingsprosjekt,  er ein ny skole. I rektor sin appell understreka han likskapane mellom den unge KG og den unge MLC – ein gong har også KG vore ein skole i startgropa – med mange utfordringar! No er KG ein staut hundreåring, vel etablert, stabil og velfungerande. Rektor ønska også at Martin Luther College skal oppleva å bli 100 år!

Mange ting er veldig forskjellig i dag og for 100 år sidan. Men mange ting er også like; KG er ein skole med mange fine elevar, KG er ein skole med eit hjarte som bankar for andre gjennom elevaksjonen. KG er ein skole med mange flotte foreldre som er villig til å ta i eit tak. Og KG er ein skole som skapar liv, glede, entusiasme og god stemning! På ein heilt vanleg torsdag i Oslo, i eit heilt uvanleg storefri på Lille Bislett.